Klatrelegenden og ordføraren opna offisielt klatreanlegg

«Skulle ha vore 40 år yngre og 30 kilo lettare»

Stein Aam, Andre Skotheim, Daniel Garden, Thomas Riis og Magnus Midtbø på klatrevegg-opning.  Foto: Svein Nordal

New Articles

- På en dag som denne skulle eg gjerne ha vore førti år yngre og tretti kilo lettare, så kunne eg ha blitt fjellklatrar eg også… for eg var jo ein «apekatt» i ungdommen.

Ordførar Stein Aam var i godlune då han laurdag stod for den offisielle opninga av dei nye klatreveggene til Sunnmøre Klatreklubb i Ørstahallen saman med klatre-legenden og youtube-stjerna Magnus Midtbø. Og med styreleiar i klubben Thomas Riis og Andre Skotheim frå Sparebank1 Søre Sunnmøre, som er sponsor.

- Klatring har blitt ein folkesport i det siste. Før vi fekk klatreanlegget her i Ørstahallen hadde vi knapt 300 medlemmer. No har vi 550, og det er mange barnefamiliar som bruker søndagsføremiddagen til dømes til å ha det kjekt her, sa Thomas Riis.

Han fortalde også at tysdag og torsdag kan alle ikkje-medlemmer komme og klatre mellom klokka fem om ettermiddagen og ni om kvelden. Det er vaktar som jobbar i hallen og hjelper til med utstyr som ein kan leige, og ein får også hjelp til å bli sikra om ein kjem åleine.

Mari Fonseca (9) fekk autograf av Magnus Midtbø.  Foto: Svein Nordal


Som det seg hør og bør, vekte det ei viss oppsikt at klatre-esset Midtbø hadde tatt turen, og unge fans var begeistra over dette. Så det vart ein del autografar og selfiar. Og klatrelegenden Midtbø var imponert over anlegget:

- Eg byrja med klatring nærast som ved ei tilfeldigheit. Og var ikkje i nærleiken av å ha tilgang på eit anlegg som dette, noko eg skulle ynskje at eg hadde. Eg har aldri vore i Ørsta før, og det er jo ikkje akkurat ein stor by. At ein så liten by har eit kjempeanlegg som dette er veldig bra, sa Midtbø.

- Ja, då må eg få skryte litt til, sa ordførar Aam.

- Dette hallanlegget er det største mellom Bergen og Trondheim dei siste 25 åra. Og noko vi ikkje såg kome, og som er veldig gledeleg, er oppblomstringa i både turn- og klatremiljøet som nyehallen har ført til. Heilt klart: Eg er sjeleglad for at eg fekk vere med på dette før eg etter kvart skal ri ned i solnedgangen, erklærte ordføraren, som jo også er gammal fotballstjerne.

Sunnmøre Klatreklubb vart stifta som ein liten klubb allereie heilt tilbake i 1974, og var då ein rein uteklubb, der medlemmene kleiv rundt i fjella og i dei mange klatrefelta rundt om i Ørsta og Volda kommunar.

I 1995 innreia dei klatrevegger i ein gammal silo nær Høgskulen i Volda, men etter at klatreveggene kom på plass i nye Ørstahallen, vart siloen lagt ned for nokså nøyaktig eitt år sidan.

- Vi har fått nesten dobla medlemstal til 550 etter at Ørstahallen opna, seier styreleiar i Sunnmøre Klatreklubb, Thomas Riis.  Foto: Svein Nordal



- Og no har vi altså fått nær dobla medlemstal på kort tid. Spesielt er det mange barn og unge som vert med i klubben, og det er kjekt. Klatreveggene kan også for enkelte vere rekruttering til uteklatring, som til dømes i Molladalen og Romedalen, seier Thomas Riis.

Nokre av dei frammøtte på opninga.  Foto: Svein Nordal