Storm og regn i vente

  Foto: @Meteorologene

New Articles

Ein ny storm med kraftig vind er på veg til Vestlandet. Meteorologane melder om mykje nedbør i heile Sør-Noreg. På Austlandet kan det føre til glatte vegar.

Natt til laurdag blir det på nytt storm på Vestlandet. Vinden minkar utover laurdag ettermiddag, men før den tid blir det venta mellom liten og sterk storm, ifølgje meteorologane.

I Sogn og Fjordane og på Sunnmøre blir det venta kraftig vind frå natt til laurdag til laurdag føremiddag. Utsette stader kan vindkasta komme opp i 30 til 35 meter per sekund, blir det varsla.

Laurdag blir det nedbør i mesteparten av Sør-Noreg, noko som kan føre til underkjølt regn og glatte vegar på Austlandet. Meteorologane oppmodar folk til å vere forsiktige viss dei går utandørs.

I Vestland og delar av Rogaland er det venta mykje nedbør laurdag. Sør i fylka kan det komme opp mot 80–90 millimeter. Lokalt kan det komme 50–70 millimeter på tolv timar, og meteorologane har sendt ut gult farevarsel.

Det er dessutan betydeleg eller stor snøskredfare ei rekke stadar i Vest-Noreg og i Nordland.

I Trøndelag og Nord-Noreg har det vore kraftig vind dei siste dagane, og meteorologane sende torsdag ut oransje farevarsel for Troms og Vest-Finnmark. Vinden har no minka, men vindkasta kom opp i 36,9 meter per sekund i Myken i Nordland og 35 meter per sekund i låglandet i Troms og Finnmark.