Nynorsk kultursentrum om at NRK har nådd målet om 25 prosent nynorsk

– Godt, men ikkje godt nok

  Foto: Sunniva Luns Osdal

New Articles

Nynorsk kultursentrum meiner det er på tide og godt, men ikkje godt nok. Målet er først og fremst nådd med mykje dialektbruk i radio. – Det avgjerande for nynorskbrukarane er kor mykje skriftleg nynorsk som blir publisert på NRK.no. Der har dei framleis langt igjen, med under 20 prosent nynorsk innhald, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus F. Sandsmark.

Nynorskbrukarane har få sjansar til å sjå språket sitt i bruk i riksmedia. Med unntak av Dag og Tid, ein del av tekstinga i VG TV og noko nynorsk i nisjeavisene Klassekampen, Nationen, Vårt Land og Dagen, får ikkje dei om lag 500–600 000 nynorskbrukarane sjå språket sitt i riksmedia.

Kravet om minimum 25,0 prosent nynorsk i NRK er i praksis det einaste statlege verkemiddelet som veger opp for denne skeivfordelinga. – Derfor er det svært gledeleg at kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen har nytta leiarskapen sin til å nå målet for første gong, understrekjer direktøren i Nynorsk kultursentrum.

Nynorsk er i bruk kvar dag i skulen, næringslivet, offentleg sektor, frivillig sektor og heime. – Det kjem ikkje av seg sjølv. Folk må sjå skriftspråket sitt i bruk om alle slags emne. No må NRK prioritere det store arbeidet for å auke talet nettsaker og sikre at nynorsk er eit sjølvsagt språk i både nyheits-, sports- og underhaldningssaker i alle kanalane til NRK, avsluttar Sandsmark.