No blir det enklare å nekte å stå på valliste

New Articles

Stortinget vedtok tysdag ei grunnlovsendring som gjer det enklare for kjendisar og tilfeldige borgarar å unngå å bli ført opp på vallister mot sin vilje.

Saka vart aktualisert i fjor haust då partiet Alliansen sette mellom anna komikarane Johan Golden og Atle Antonsen på lista si, mot deira vilje.

I dag er det ikkje noko vilkår at ein person må samtykke for at vedkommande skal kunne bli ført opp som kandidat på eit listeforslag i samband med val til Storting, fylkesting og kommunestyre.

Dette har resultert i at personar mot sin vilje har vorte førte opp på lister til parti dei ikkje sympatiserer med.

Har fått kritikk

Den norske grunnlovsavgjerda har fått kritikk frå internasjonale valobservatørar, som har tilrådd å endre reglane slik at dei blir meir i tråd med FNs konvensjon om sivile og politiske rettar.

Grunnlovspunktet skal no lyde «Den som blir vald til representant, har plikt til å ta imot valet, om vedkommande ikkje har gjeve skriftleg fråsegn om at ho eller han ikkje vil stå på ei valliste.»

Samtidig fell punktet bort om at ein må stå på valliste med mindre ein «er medlem av eit politisk parti og vald på ei valliste som ikkje går ut frå dette partiet.»

Nedstemt

Ei rekke andre grunnlovsforslag vart tysdag nedstemde. Blant dei var Senterparti-forslaget om forbod mot å utnemne stortingsrepresentantar til statssekretærar. Sps parlamentariske leiar Marit Arnstad meiner forslaget er prinsipielt viktig, fordi Stortinget er valt av folket og skal svare til folket.

– Vi kan ikkje akseptere at ei regjering skal kunne endre samansetninga av Stortinget som folket har valt, ved å ta ut representantar til arbeid i regjeringa, seier ho til NTB.

– Stortinget har òg som oppgåve å kontrollere regjeringa. Då skal ikkje regjeringa kunne påverke samansetninga av parlamentet, seier ho.