Kontorbygg måtte evakuere

Like før kl. 15.00 gjekk brannalarmen i Tindebygget i Ørsta sentrum.
New Articles

Dei tilsette i alle verksemdene i Tindebygget i Ørsta sentrum måtte onsdag ettermiddag evakuere bygningen.

Brannalarmen gjekk.

Alarmen gjekk rett etter eit lynnedslag, og ute var det vind og haglver der dei tilsette samla seg.
Det viste seg at lynnedslaget ikkje hadde noko med alarmen å gjere. Folk frå brannvesenet i Ørsta kom raskt til staden, og lokaliserte alarmen til tredje etasje. Det viste seg å vere røyk frå eit stearinlys som løyste ut alarmen.

Kl. 15.05 vart evakueringa oppheva, og dei tilsette kunne gå til sine arbeidsplassar igjen.