Pippi-feber i Ørsta

Pippi feirar jul vert sett opp på Ørsta kulturhus 3. desember.  Foto: Victoria Productions AS

New Articles

Også ørstingane elskar Pippi Langstrømpe si julefeiring:

- Det skjer både morosame, spennande og litt rare ting når Pippi feirar jul, og det er få ledige plassar igjen i salen til framsyninga på Ørsta kulturhus 3. desember, fortel kulturhusleiar Janne Grytten Skarstein.

Det er knallsuksessen Pippi feirer jul frå Chat Noir i Oslo som no er på turné, og har lagt Ørsta inn på reiseruta.

Pippi er i full gang med juleførebuingane. Men skal ho feire jul ålene? Fru Prysselius vil ha Pippi på barneheimen i jula. Men Pippi vil ikkje på barneheim. Ho føler seg slett ikkje einsam. Hun har jo både Herr Nilsson, apen sin, og Lille Gubben, hesten, og sanneleg har det ikkje flytta inn ein ny liten ven i veggen hennar..

Dessutan kjem det sikkert nokon på besøk. Blom og Dunder-Karlsson vil nok prøve å stele litt julepengar og det er alltid morosamt å leike med politikonstablane Kling og Klang. Tommy og Annika må feire jul heime, men dei vil gjerne vere saman med Pippi også. Kanskje dei har ein plan?