Kan forklare ramneaktiviteten

Fekk vite om død hjort torsdag

Først torsdag vart politiet kjent med at det har ligge ein død hjort ved Bjønnavadet, ovanfor Vallabøen/Engeset

Restar av hjortekadaver ved Bjønnavadet. Biletet er tatt av ein person som kontakta politiet torsdag. Biletet er frå 30. desember. Same personen oppdaga kadaveret 22. november 2018, altså dagen etter at Maja forsvann.  Foto: Politiet

New Articles

– På bakgrunn av oppslag i Møre Nytt tok eit nytt vitne kontakt i dag og fortalde at han den 22. november i fjor hadde gått opp over elva (Skytjeåa, red. merknad) ) på eige initiativ. Han oppdaga då den døde hjorten ved Bjønnavadet, seier politioverbetjent Oscar Lilleås ved Møre og Romsdal politidistrikt i Ålesund.