Lasteskip på land i Vartdalsfjorden

"Concordia" mista styringa.
New Articles

Redningsleiar Erik Willassen ved Hovedredningssentralen fortel til Sunnmørsposten at lastebåten "Concordia" mista styringa og køyrde inn i fjellveggen. Dette skjedde ved Laupsneset på Hareid-sida av Vartdalsfjorden.

– Båten ligg på land. Situasjonen er ikkje heilt avklart, men det er ikke vanninntrenging eller personskade, seier redningsleiar Willassen til Sunnmørsposten.

Kapteinen om bord på Concordia er i dialog med reiarlaget om kva som skal gjerast vidare.

Klokka 18.19 opplyser Hovedredningssentralen at det ikkje er personskader eller kjente lekkasjer i samband med hendinga. Slepebåten Polar Rex vil forsøke å trekke skipet av grunn klokka 20 i kveld.