Rekordresultat og vekst for SpareBank 1 Søre Sunnmøre

Administrerande direktør Stig Brautaset er svært godt nøgd med Sparebank 1 Søre Sunnmøre sitt resultat så langt i år. 

New Articles

Etter tredje kvartal i år kunne Sparebank1 Søre Sunnmøre notere seg for eit resultat før skatt på 153 millionar, mot berre 84 millionar kroner i same periode i fjor.

- Resultatet viser at SpareBank 1 Søre Sunnmøre er inne i ei god utvikling. Vi ligg godt an til å nå våre økonomiske mål for 2019, seier administrerande direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset, som konstaterer at banken ligg godt an til å nå sine økonomiske mål for 2019.

Utlånsvekst

Han fortel at sparebanken dei siste tolv månadane har hatt ein samla vekst i utlån på 10,5 prosent. Veksten i personmarknaden er 8,7 prosent, og i bedriftsmarknaden 20,8 prosent. I same periode er innskot frå kundar auka med 10 prosent.

- Konkurransen i marknaden er hard. At vi veks nesten det doble av marknadsveksten, er ei klar stadfesting på at vi er attraktive, konkurransedyktige og tilbyr høg kvalitet i rådgjevinga vår, seier Brautaset, og legg til:

- Vi ser framleis eit stort potensiale for vidare vekst på «sunnmørskundar», noko blant anna representasjonskontoret i Oslo som opna i november skal bidra til.

Brautaset trekk fram at banken har stort fokus p kompetanseheving og trivselstiltak, og at ei fersk undersøking viser at banken har svært tilfredse tilsette.

Klimafokus

Det gode resultatet lovar også godt for lag og organisasjonar i distriktet:

- SpareBank 1 Søre Sunnmøre har lange tradisjonar for å føre delar av overskotet tilbake til lokalsamfunnet. Gode resultat og sterk soliditet har lagt grunnlaget for at vi har kunne auka sponsor- og gåvetildelinga vesentleg, seier Brautaset, og legg til:

- No står vi framfor store klima- og miljøutfordringar. Som lokal bank er vi oppteken av å ta vare på samfunnet vårt. I tillegg til interne tiltak vil vi framover heie ekstra mykje på dei som tek berekraftige val. Saman skal vi gjere det betre å bu og verke i regionen vår, seier Brautaset.