Flåklypa-regissørar til Volda

Flåklypa-regissør og tidlegare Volda-student Rasmus Sivertsen kjem tilbake til gamle trakter. Han er den filmskaparen i Noreg som samla sett har hatt det største kinopublikummet gjennom tidene. 

New Articles

Både Kjell Aukrust og Ivo Caprino ville blitt 100 år i 2020, og på Høgskulen i Volda vert det tysdag og onsdag arrangert seminar om animasjonsfilmene basert på Kjell Aukrust sitt unike univers.

Nille Tystad, som regisserte «Solan, Ludvig og Gurin med Reverompa», kjem til seminaret. Det gjer også den tidlegare Volda-studenten Rasmus Sivertsen, som har regissert alle dei dokkefilmane frå Flåklypa.

Caprino-filmen «Flåklypa Grand Prix» frå 1975 er den kinofilmen som er sett desidert flest gongar i Norge. Den er sett av over 5 millionar av oss på kino. I tillegg har den vore ein kjempesuksess som kjøpevideo. Og den visast kvart år på TV som del av juletradisjonane våre.

Men det er faktisk Rasmus Sivertsen som er den filmskaparen i Noreg som samla sett har hatt det største kinopublikummet gjennom tidene.

I tillegg til Flyklypa-dokkefilmane har Sivertsen også regissert ei lang rekkje andre animerte kinofilmar om Hakkebakkeskogen, Kaptein Sabeltann og mykje meir.