«Totalt urimeleg at grunneigarane må rydde opp i rotet etter Aurstad»

Grunneigar: Anders Digernes er grunneigar i Klubben. Han har tidlegare tent pengar på uttaket der, men han har for lengst runda av drifta, og har i fleire år ønskja å få tilbakeført området.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad, Sunnmørsposten.

New Articles

-Vi finn det urimeleg at Ørsta kommune krev at vi grunneigarar – og ikkje Aurstad-bedriftene – må betale for sikring av masseuttaket i Klubben, seier grunneigar Anders Digernes.

Han og kona Aud Standal Digernes er grunneigarar på Klubben. Den andre grunneigaren er Aurstad Holding ved Kjell Arne Aurstad. Kjell Arne Aurstad grunnla K. A. Aurstad. I nye Aurstad AS er sonen Cato driftsdirektør, medan Jo Stian Tverberg er administrerande direktør.

Ekteparet Digernes viser til eit brev frå Ørsta kommune i høve førehandsvarsel om at det må settast i verk sikringstiltak ved masseuttaket i Klubben. Og grunneigarane er pålagde det juridiske ansvaret for dette.

-Denne saka har to sider. Vi har den juridiske sida der vi som grunneigarar no har fått eit uventa ansvar, og vi har den allmenne oppfatninga av kva som er rett og gale. I denne saka skil desse to lag, påpeikar Digernes.

Kort historikk

I eit brev til Ørsta kommune gjev Digernes ein kort historikk frå dei siste nær tjue åra, sidan Aurstad kjøpte retten til å drive masseuttaket i Klubben.

-Drifta eskalerte raskt, og Aurstad fekk i 2003 pålegg frå Ørsta kommune om å utarbeide ein plan for avslutning og opprydding. Dette ville Aurstad ordne sjølv, men først i 2011 kom denne planen på plass, m.a. etter påtrykk frå oss, skriv Digernes i brevet. I 2009.

Han viser vidare til at Ørsta kommune i oktober 2017 sende brev til Aurstad og påpeika at uttak av massar skulle  skje i høve gjeldande reguleringsplan.

-Aurstad ignorerte dette og heldt fram det ulovlege uttaket. Både vi og Digernes Grendalag kontakta Ørsta Kommune fleire gongar, men først 13. mars 2018 vart det sendt varsel om pålegg. 4. mai 2018 vart det sendt stoppordre. Korleis kunne det ta så lang tid? Her har Ørsta kommune ikkje gjort jobben sin. På same tid er det heilt utruleg at Aurstad ga seg sjølv rett til å halde fram det ulovlege uttaket, skriv Digernes.

Usikra skrent over masseuttaket.  Foto: Privat.

 

Konkursen

Vidare skriv han:

-I desember 2018 slo KA Aurstad AS seg konkurs, altså det firmaet vi hadde avtale om drift med. Volda Ørsta Pukkverk som hadde drifta i Klubben, skifta før konkursen namn til Aurstad Tunnel. Aurstad Tunnel har i alle år gått med overskot, også i konkursåret! Den som sat med pliktene (KA Aurstad AS) er altså konkurs og kan då etter lova ikkje stillast til ansvar for opprydding og realisering av gjeldande plan. Aurstad eig massane som ligg att i Klubben. I møte mellom grunneigarane og kommunen sa Kjell Arne Aurstad at vi ikkje kan rekne med at restmassane som ligg der vil bli brukt til oppfylling og tilstelling av området. Aurstad hevdar dei ikkje har økonomi til å rydde opp. Slik vi tolkar dei skortar det mest på ansvarskjensle og vilje til å rydde opp etter seg då dei ynskjer å halde fram uttaket, meiner Digernes.

Nok ein reguleringsplan

No har Aurstad Tunnel varsla at dei må drive masseuttak på Klubben i fem år til. Dagleg leiar Jo Stian Tverberg sa til Møre-Nytt at viss det ikkje vert drift (i fem år til), vil det vere fare for at området blir liggande som i dag.

Tverberg understreka også at spørsmålet om tilbakeføring viss det ikkje blir vidare drift er eit grunneigarspørsmål.

Aud og Anders Digernes reagerer på dette:

- For å ha økonomi til opprydding i Klubben «må» Aurstad ta ut meir masse i eit ukjent antal år til. Dei vil altså bruke det rotet dei har stelt i stand som argument for å kunne drive vidare. Trass deira totale mangel på respekt for den førre planen og andre føresegner er dei frekke nok til å kome med nye framlegg. Aurstad har ikkje vist seg skikka til å drive eit masseuttak. Dei dreiv Klubben utan auge for noko anna enn eiga vinning.

Masseuttaket i Klubben, med det nye "Klubbenvatnet".  Foto: Rune Sæbønes.

 

Pålegg om sikring

Aud Standal Digernes og Anders Digernes meiner det er heilt feil at tilbakeføring og sikring skal vere grunneigarane si oppgåve.

-Vi har saman med Grendalaget påpeika manglande sikring i Klubben mange gongar medan det var drift der. Det er eit stort paradoks at vi no då står ansvarlege for lovbrotet vi har påpeika gong på gong. Det gjer oss i realiteten medskuldige, og det opplevast heilt feil.

I brevet hevdar Digernes også at at Kjell Arne Aurstad nektar dei tilkomst til eigen eigedom:

«Vi har gått langs gjerdet rundt eigedomen vår og notert oss utrygge punkt som må utbetrast. Kjell Arne Aurstad nekta oss i møtet med kommunen tilkomst til vår eigedom.»

Anders Digernes og dei andre fastbuande, er bekymra for tryggleiken til barna i grenda.

Han, Kjell Arne Aurstad, ordførar Stein Aam og assisterande rådmann Eldar Øye med fleire, var i møte 30. september.

I referatet skreiv rådmannen dette:

«Sikringa i området er mangelfull. Delar av uttaket / terrenget er i strid med reguleringsplanen. Det gjeld særleg eit område som er sprengt ut under nedste planum for uttak – omtala i møtet som «krateret».»

Kjenner seg ikkje igjen

I ein sms til Sunnmørsposten kommenterer Kjell Arne Aurstad:

«At han har spurt om tilkomst kjenner eg ikkje til. Har berre vore på eit møte med han og kommunen og der står ikkje noko om det i referatet. Om han vil inn for å sette opp gjerde etc. er han velkommen til det.»