Vamp til VEKA

Vamp reiser no ut på turne, og i februar er det Volda sin tur.  Foto: Inger Staveland

New Articles

Fredag 21. februar 2020 kjem Vamp til VEKA. 

- Vamp kjem til VEKA for å samle bygdene, og vil kunne appellere til eit publikum ialle aldrar, trur Mathias Remmereit.

Vamp har treft den norske folkesjela i ei årrekkje. Gjennom 28 år har Vamp spelt inn tolv album, selt over ein million plater, mottatt fem Spellemannprisar og fått Prøysenprisen.

Bandet består i dag av Øyvind Staveland, Jan Toft, Odin Staveland, Stian Tønnesen, Kjetil Dalland, Lars-Erik Støle.

Sjølv om bandet har vore med på det meste, sluttar dei ikkje å levere musikk. I år kom det tolvte studioalbumet deira.

Vamp er nummer tre i rekkja av konsertar som er annonsert til VEKA, og dei to andre er Gabrielle og Lars Vaular.