Symfoniorkesteret held fram som høgskuleprosjekt

Symfoniorkesteret: Dirigent Elizabeth Oltedal og symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda heldt sin årlege nyttårskonsert, søndag.  Foto: Janne-Marit Myklebust

New Articles

Høgskulestyret vedtok at Symfoniorkesteret skal halde fram som eit prosjekt på Avdeling for kulturfag , så lenge avdelinga finn det fagleg fornuftig. Dette var i tråd med innstillinga frå direktøren.

Symfoniorkester på høgskulen vert brukt i undervisninga, og blant medlemmene finn vi både studentar og lokale amatørmusikarar

Orkesteret ved Høgskulen i Volda vart skipa i 1947 av Ingmar Fottland, som var lektor i musikk ved Volda lærarskule. Saman med sentrale musikarar vart symfoniorkesteret starta og har vore i kontinuerleg drift fram til i dag.

Dirigentar etter Ingmar Fottland har vore Thorleif Hauso, Bjarne Dankel, Ivar Torvanger, Nils Ose, Helge Hamsaas, Leif Barmen, Harald Eikaas, Bård Dahle, Rune Bergmann, Øystein Salhus, Øyvind Johan Eiksund, Øyvind Granden Berg, Kjetil Grøtting, Bert Handrick, Miki Campins og Elizabeth Oltedal. Sistnemnde har dirigert orkesteret siste åra og er orkesteret sin første kvinnlege dirigent sidan skipinga i 1947.