Sju personar i bilane

Ein død i kollisjonen - to kritisk skadde

Kollisjon ved Damfosstunnelen

Ulykka skjedde ved Damfosstunnelen søndag morgon  Foto: Svein Aam

New Articles

Ei 62 gammal kvinne døydde søndag morgon av skadane ho fekk i ein front-mot-kollisjon på E 39 i Austefjorden i Volda. Kvinna var passasjer i eine av dei to involverte bilane, skriv politiet i ei pressemelding.

NRK skriv at den omkomne kvinna er frå Sørlandet.

To personar vart kritisk skadde i ulykka. Ein av dei er transportert til Ålesund sjukehus i luftambulanse. Den andre er transportert til Haukeland universitetssjukehus i Bergen saman med to personar som er alvorleg skadde. To personar er lettare skadde og vert behandla ved Volda sjukehus.

Meldinga om ulykka kom til politiets operasjonssentral klokka 09.03 søndag morgon og alle naudetatane rykte ut til staden.

Det var tilsaman sju personar i dei to bilane som støytte saman om lag 200 meter sør for Damfosstunellen.

- Det er uråd seie noko om kva som årsaka til kollisjonen. Våre teknikarar arbeider framleis på ulukkestaden, seier operasjonsleiar Ragnvald Rasmussen i Møre og Romsdal politidistrikt.

Det var glatt vegbane på staden der ulukka skjedde i morgontimane søndag.

Dødsulykke i Austefjorden - front mot front.  Foto: Svein Aam

 

Trafikken vert no manuelt dirigert forbi ulykkesstaden.

Politiet har no fått varsla dei pårørande til dei involverte i ulykka.

Politiet melde om ulykka klokka 09.12 søndag morgon.

Ulykka skjedde i ein slakk sving ca. 200 meter sør for tunnelinnslaget.

- Vegen var svært glatt på ulykkesstaden, seier innsatsleiar Geir Helge Ådneram til Møre-Nytt.

Ulykke i Austefjorden innsatsleiar Geir Helge Ådneram  Foto: Svein Aam

Statens vegvesen melder klokka 12.39 at det no er opna for eit køyrefelt forbi ulykkesstaden. Men vegen vert stengd att om ei stund i samband med bilberging.

Det er manuell dirigering på staden.

Politiet opplyser også at krimteknikarar og ulykkesgruppa frå Statens vegvesen er på veg for å gjere undersøkingar.