Skal kursast i å kome ut av einsemda

New Articles

10. oktober er årets verdsdag for psykisk helse, og på Høgskulen i Volda vert det fokusert på einsemd og korleis ein kan prøve å kome seg ut av det.

I førre veke vitja den kjende psykologen Peder Kjøs Volda, og snakka om opp- og nedturar ein kan møte i studielivet.

 Denne veka følgjer ein opp med eit tema som dessverre er høgaktuelt for mange i vårt samfunn, også for studentar og andre unge: Einsemd.

Og det blir arrangert kurs i korleis ein kan kome seg ut av elendet.

-Målet med kurset er at du skal få innsikt i kva einsemd er, og kva du kan gjere for å kome ut av det, seier kurshaldar Marit Rønning Lund, rådgjevar i SiT (Studentskipnaden i Trondheim).

Om du sjølv ikkje kjenner deg einsam, kanskje nokon rundt deg treng hjelp?

Kurset er gratis, du treng ikkje å melde deg på, og alle deltakarane får servert mat.

Det er meir på timeplanen 10. oktober, og for dei som vil få ein ekstra frisk start på verdsdagen for psykisk helse, byr Anna Rudin i Studentparlamentet på gratis trening på Stamina Family Club i Volda i gryotta.  Dette er ein time inspirert av yoga, pilates og tai chi, kalla "Bodybalance".