Forskingsdagane

– Trea pregar omgjevnadane våre

"Tre i natur og kultur ", på forskingsdagane

Eika i Seljebakken i Volda.  Foto: Privat/Forskingsdagane

New Articles

I regi av Forskingsdagane 2019 ved Høgskulen i Volda kan du laurdag 21. september på Gamlegymnaset i Volda møte ei rekke fagmenneske som studerer og arbeider med tre på ulike måtar. Arrangementet er ope for alle og i samarbeid med Volda Sogelag, Sandal Parkdrift AS, Volda Hagelag, Musea på Sunnmøre og Stiftinga Gamlegymnaset i Volda. 

– Trea pregar omgjevnadane våre, - kanskje utan at vi tenkjer over det. Ofte er det slik at vi ikkje legg merke til tre før dei forsvinn eller står i fare for å forsvinne. Attgroing er også ei utfordring i dagens samfunn, seier programansvarleg Kari Hasle i ei pressemelding

Hovudtema for årets nasjonale forskingsdagar er miljø, og korleis miljøet endrar seg.

–  I denne samanhengen passar det godt å sjå på tre som fenomen i natur og kultur og i fortid, samtid og framtid. Vi har difor invitert ei rekke fagmenneske til korte innlegg om tre som inspirasjon til kulturuttrykk, som faktor i biologisk mangfald, som kulturhistorisk fenomen, som materiale for bruk, og som profesjonsutøving, seier Hasle.

Daniel Armitage frå Sandal Parkdrift AS ved blodbøken i hagen på Gamlegymnaset  Foto: privat

 

Mellom innleiarane er Daniel Armitage, som  er ISA-sertifisert arborist og tilsett ved Sandal Parkdrift AS. Dessutan Eivind Indresøvde,Marit Brekke, Jan Håkon Vikane og Håvard Hatløy.