Mattilsynet varslar dagbøter

Lakselusproblem på Folkestad

Mattilsynet varslar store dagbøter for Mowi.

Illustrasjoinsfoto 

New Articles

Seks av dei sju siste vekene har maksgrensa for lakselus vore overskride ved Mowi-lokaliteten på Rønstad i Volda, skriv nettavisa iLaks.  ilaks.no

Mattilsynet varslar dagbøter på 333.771 kroner per dag dersom ikkje oppdrettaren får kontroll over situasjonen innan onsdag.

Maksgrensa er 0,5 vaksne holus i gjennomsnitt per fisk i oppdrettsanlegg. I vekene 31 til 37 har lokaliteten på Rønstad ved Folkestad vore over denne grensa seks gongar.

Også Mowi sine lokalitetar Voldnes og Sandvika, har hatt luseutfordringar, skriv iLaks.

– Vi har ein svært krevjende situasjon med høgt lusepress i området. Vi har hatt tekniske problem og forseinkingar frå leverandørar på behandlingskapasitet, noko som har gjort at denne behandlinga har blitt forseinka, seier kommunikasjonssjef Eivind Nævdal-Bolstad i Mowi i ein e-post til iLaks.

Avlusinga er i gang på lokaliteten  Foto: Svein Aam

 

Måndag sette Mowi i gang ei ny lusebehandling ved lokaliteten.