Følg valet på morenytt.no

Møre-Nytt vil oppdatere valresultata for Ørsta og Volda etter kvart som dei kjem inn.

RØYSTA: Synnøve Marie Sætre og Ragnhild Kile ved valurnene. Vi ser også valfunksjonærane Nina Ulstein og Ellinor Sætre.  Foto: Svein Nordal

New Articles

Det skal veljast nye kommunestyre både i Ørsta og Volda. I begge kommunane skal det veljast 33 kommunestyrerepresentantar.

I Volda er valet historisk, då det er det fyrste valet for den nye kommunen med Volda og Hornindal.

Det er også fylkestingsval, og på morenytt.no vil du få vite korleis valet går der.
 

Møre-Nytt vil oppdatere med resultat etter kvart som dei kjem inn. Det er venta at førehandsrøystene vert publisert like etter kl. 21.00.

Når vi får vite mandatfordelinga er meir uvisst, men utover kvelden/natta vert dei klare for både Ørsta og Volda.