Eit historisk spennande lokalval i gang i nye Volda

HJARTESAK: Skule og barnehage er hjartesakene for 27-åringane Maria Linn Humberset og Veronica Roseth.  Foto: Svein Nordal

New Articles

- I  Volda vert det eit spennande val i år. For oss som småbarnsmødrer er skule og barnehage dei aller viktigaste sakene.

Maria Linn Humberset og Veronica Roseth hadde møtt opp tidleg på valdagen for å røyste i Volda samfunnshus. 27-åringane bur i Bratteberg, og Veronica hadde med seg den vesle dottera Oline Roseth Øye på åtte månader.

- Då gir det seg kanskje seg sjølv at barne- og ungdomspolitikken i nye Volda kommune er aller viktigast for meg. Og eg vil også nemne at å få bygd eit nytt symjebasseng er uhyre viktig for Volda. Mykje viktigare enn kulturhus, seier Veronica.

- Kvifor?

- Fordi symjeopplæring er viktigare enn kino. Enkelt og greitt!

Veninnene er også litt lunkne til ei av dei andre kampsakene i Volda sentrum, nemleg ny veg rundt Rotevatnet.

- Nei, den treng ikkje vi, seier dei.

Maria og Veronica tør ikkje å spå kva utfallet av Volda-valet blir i dag, og viser til at valet er hemmeleg, så vi får ikkje ut av dei kva dei skal røyste.

- Nei, ikkje ein gong sambuaren min veit kva eg røystar, seier Linn.

LÆRERIKT: Klasse 9C frå Volda ungdomsskule stilte som «valobservatørar».  Foto: Svein Nordal

 

Som damene var inne på, kan det bli ein svært spennande valdag i Volda. For det første går veljarane til valurnene og skal røyste inn representantar for ein heil ny kommune. For det andre har dei heile elleve lister å velje mellom. I så måte blir overgangen størst for honndølane, som i inneverande periode har partia Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet og Venstre i kommunestyret. Frå fire parti til kanskje muligens elleve, altså.