«Eldreomsorg og miljø dei viktigaste sakene i Ørsta dei neste fire åra»

RØYSTA: Synnøve Marie Sætre og Ragnhild Kile ved valurnene. Vi ser også valfunksjonærane Nina Ulstein og Ellinor Sætre.  Foto: Svein Nordal

RØYSTA: Synnøve Marie Sætre og Ragnhild Kile ved valurnene. Vi ser også valfunksjonærane Nina Ulstein og Ellinor Sætre.  Foto: Svein Nordal

New Articles

Valet er i gang, og allereie i halv ti-tida var det eit yrande liv på Ørsta kulturhus. Av dei som var tidleg ute, var Synnøve Marie Sætre (29) og Ragnhild Kile (37).

- Ja, va eg røyster er inga hemmelegheit. Eg står jo på SV-lista, smiler Synnøve Marie Kile.

- Og dei viktigaste sakene i år?

- For meg er det klimasaka. Og ikkje det lokale aspektet, for det er mykje vi kan gjere lokalt, både i kommunal og privat regi. Og sjølvsagt er rettferdig fordeilng ei viktig fanesak for SV, både i Ørsta og i landet elles.

Ragnhild Kile jobbar som sjukepleiar på Ørstaheimen, og ser ei god eldreomsorg som den viktigaste saka framover.

- Gjennom arbeidet mitt ser eg at Ørsta kommune har eit stort forbetringspotensiale når det gjeld eldreomsorg, seier Kile.

- Volda vert den nye storkommunen, medan Ørsta vert ståande åleine. Er de samde med Volda KrF sin ordførkandidat Arild Iversen i at Volda og Ørsta snarast råd må starte samanslåings-forhandlingar nok ein gong?

- Eg er sterkt imot det, seier Synnøve Marie Sætre.

- Og det er fordi vi for ikkje lenge sidan hadde folkeavrøystingar om samanslåing, der det vart klart fleirtal imot i både Ørsta og Volda. Det bør politikarane respektere.

Ragnhild Kile er ikkje heilt samd:

- Nei, eg meiner Ørsta og Volda allereie er eitt. Det er same bu- og arbeidsmarknad, og dermed vil det vere naturleg med ei samanslåing etter kvart.

- Og Stein Aam held fram som ordførar?

- Trur nok han vil gjere eit bra val, så det er vel ganske sannsynleg. Men ikkje heilt bomsikkert.

Val Ørsta 2019. Odd Magne Vinjevoll, Ingrid Mork  Foto: Svein Nordal

 

Ein av Aam sine utfordrarar, Frp sin ordførarkandidat Odd Magne Vinjevoll, var blant dei som gjorde som Synnøve Marie og Ragnhild – nemleg å møte opp tidleg og røyste. Og nei – det vart ikkje SV i år heller…