Topptur til Eitrefjellet - med stolheis

Leiar i Hjørundfjord mat, kultur og natur, Synnøve Rekkedal Hill, håper mange vil vere med stolheisa til Eitrefjell neste søndag, 1. september.  Foto: Privat

På endestasjonen Eitrefjell kan folk få kjøpe fjellpizza.  Foto: Privat

New Articles

- Mange i Ørsta og Volda området  har gode minne frå yngre dagar då dei kunne ta stolheisa opp på Eitrefjellet på toppen av Bondalseidet, eller gå opp, men no stoppar kne eller hofte ein, konstaterer leiar i Hjørundfjord mat, kultur, natur, Synnøve Rekkedal Hill.

Det er ein av grunnane til at denne festivalen har inngått avtale med Ørsta skisenter om å tilby at stolheisa går til Eitrefjellet søndag 1.september frå klokka 12. Rekkedal Hill håper mange vil ta turen til toppen. Og dei må gjerne kome dit svoltne.

- Kafe Utsikten på toppen serverer denne dagen Mats Riise sin ”Fjellpizza” laga av kortreiste lokale råvarer. Derifrå har ein utsikt til sju prestegjeld sa ein i gamle dagar, då eg var ung, fortel festivalleiaren.

- For at alle skal få pizza, er det ynskjeleg at folk sender ein sms til 91326967 med talet som kjem, innan onsdag kveld 28.august.  Heller ikkje på fjellet skal ein kaste mat, så ein må ha ei viss peiling på kor mange det blir.

Bodil Skare som kjenner dei fleste fjella, vil fortelje kva ein ser frå toppen. Og Rune Moltudal og staben hans vil stille mannsterke, så turen opp og ned skal gå fint.

- Ta på gode turkle og kom til Bondalseidet. Turen passar for familiar med litt større born og elles folk i alle aldrar. Sjølvsagt kan ein gå på beina også, og likevel kjøpe pizza. Hugs å melde frå, oppmodar Rekkedal Hill.

På andre skidestinasjonar med stolheiser er sommaropa heis svært vanleg.

- Vi i Hjørundfjord mat, kultur, natur har ei von om at det kan bli tilfelle her i Ørsta også.