Vert opptil 27 grader

Knallver i Ørsta måndag, tysdag og onsdag

New Articles

Har du pakka vekk bikini eller badebrok, kan det vere lurt å leite det fram att. For både måndag, tysdag og onsdag vert det meldt om knallver i Ørsta, med temperaturar på opptil 27 grader på onsdag.

Yr si melding for måndag i Møre og Romsdal er slik:

Sør og søraust bris, frisk bris utsette stader. Utrygt for låge tåkeskyer i ytre strok først på dagen, elles lettskya pent ver.

Og tysdag: Søraust eller skiftande bris. Pent ver.

Onsdag vert den varmaste dagen denne veka med temperatur på 27 grader.

Sorgens kapittel ankjem Ørsta torsdag, då vergudane slår lens over oss.