Reparerer vasslekkasje i Volda

Fredag morgon var det lekkasje i det kommunale røyrnettet

Det er vasslekkasje i Volda fredag føremiddag.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

New Articles

Oppdatert 10:22: Lekkasjen er lokalisert og stengt, melder kommunen. – Det er kun få bustadar nedst i Raudemyrvegen som vil vere utan vatn til lekkasjen er utbetra. Uvisst kor lang tid det tek.

Tidlegare fredag morgon var det problem med vassnettet:

– Lekkasjen er i område Raudemyra, det er ikkje i private bustadar, men ein del abonnentar kan misse vatnet ei stund, melde Volda kommune på Facebooksidene sine fredag morgon.

Vidare vart det opplyst at dei arbeidde på spreng med å få reparert lekkasjen.