Student gjev ti gode tips til ferskingar

  Foto: Janne-Marit Myklebust

New Articles

Over helga er det storinnrykk av nye studentar på Høgskulen i Volda, og student Karina Blyverket gjev gode råd til nye studentar.

Ho flytta i fjor frå Oslo til Volda for å studere barnevern, og på Høgskulen sine nettsider har ho sett opp ti punkt med gode råd til dei nye Volda-studentane:

  1. Ein bør finne seg ein bustad ei stund før studiestart, og ikkje gjere som Karina, som i fjor fekk tilslag på ein hybel berre timar før ho køyrde frå Oslo mot Volda.
  2. Ein bør sjekke om hybelen er møblert eller ikkje. Karina fekk seg fleire turar til Oslo for å hente ting det etter kvart viste seg ho hadde behov for.
  3. Ein bør kome tidleg nok, og gjerne flytte til Volda fredagen før studiestart.
  4. Ta tidleg kontakt med dei du bur saman med eller i same område som. Dei kan bli vennar for livet.
  5. Ikkje gå glipp av studielånet. –Eg var seint ute med å registrere meg, og då tok det også lengre tid før studielånet kom inn på konto, seier Blyverket.
  6. Det blir haust og vinter i år også. Difor er det greitt å pakke med seg regnklede og vinterklede.
  7. Bli med på Fadderveka, som er opninga til det sosiale livet i Volda. –Det er også lettare å snakke saman på skulen når ein har hatt det gøy saman på fritida, seier Blyverket.
  8. Prioriter det sosiale først, og ikkje stress med lesinga. –Har ein det bra sosialt, går det også betre på skulen, meiner Blyverket.
  9.  Ho rår nykomarane å melde seg inn i friluftsorganisasjonen Natura. –Eg gjorde det, og bleit med på ein surfetur der eg ikkje kjende nokon frå før. Men vart veldig godt kjend med fleire frå andre studium.
  10. –Bli frivillig, og engasjer deg i noko på fritida frå starten av. Ikkje lås deg inne på rommet ditt, men finn noko du interesserer deg for, tilrår Karina Blyverket.