Ope møte om utbygginga av Rotsetfjøra

New Articles

Måndag arrangerer Volda SV ope møte om Rotsetfjøra, der det er planlagt oppføring av to bustadblokker med seks etasjar og ei bustadblokk med fire etasjar.

Dette arealet er regulert til industriføremål, men er foreslått omregulert til bustadføremål. Arealet, som kan bli ei av dei mest attraktive tomtene i Volda, treng sårt til ei utbetring, då det i dag består av nokre nedsarva bygningar, skur og kaier.

På det opne møtet skal Heidi Istad frå Volda kommune leie ei kort synfaring i Rotsetfjøra, og deretter gje ein kort presentasjon av utbyggingsplanane på Geiranger Bakeri.

På møtet vert det også innlegg frå utbyggarane, kulturhistoriske interesser og naboane. Tidlegare fylkeskonservator Jens Peter Ringstad er invitert. Dei politiske partia er invitert til å halde korte innlegg. Og det er sett av god tid til spørsmål og diskusjon.

I dei to bustadblokkene på seks etasjar er det planlagt kontor på bakkeplan. Det er i tillegg forslag om å endre eit friområde til konsentrert busetnad med ein firemannsbustad. Område med eldre busetnad i Naustvegen er foreslått vidareført som naustområde.

Volda SV reknar med at desse utbyggingsplanane vil bli ei heit sak no i vekene framfor kommunevalet i Volda.