Sivert Heltne Nilsen går til Allsvenskan

Sivert Heltne Nilsen  Foto: Joachim Åsebø

New Articles

Tidlegare Brann-spelar Sivert Heltne Nilsen forlèt dansk fotball etter eitt år i Horsens. No er 27-åringen klar for spel i Allsvenskan med Elfsborg.

- Det avgjerande for meg var at dei vil bruke meg som midtbaneanker. Eg meiner sjølv at det er i den posisjonen eg er best, seier Nilsen til NRK om overgangen.

I Danmark har 27-åringen den siste tida spelt midtstoppar.

Nilsen gjekk frå Brann til Horsens i fjor sommar. Etter berre eitt år med spel i den danske Superligaen held karrieren no fram med spel i Allsvenskan.

- Eg lever i noet. Det er ikkje noko å angre på. Eg hadde eit fint år i Danmark, seier Nilsen,

Elfsborg ligg på 10.-plass i den svenske toppserien.

Overgangen blir venta å bli offentleggjort onsdag, og klubbsjef i Elfsborg, Stefan Andreasson, ønsker ikkje kommentere overgangen før han blir gjort offentleg.

(©NPK)