Ørsta kommune før skulestarten

Ber huseigarar om å klippe hekkar

Kommunen ber folk om å klippe hekkar slik at det vert trygt for gåande.  Foto: Ørsta kommune

New Articles

Mandag 19. august startar eit nytt skuleår i Ørsta, og borna skal ut på vegane. Kommunen ber huseigarar om å klippe hekkar og annan vegetasjon slik at gater, vegar og fortau vert trygge for borna å ferdast på. 

Dette skriv kommunen på heimesida.

- Bli med på dugnad for å unngå ulykker i ditt nærområde. Eig eller disponerer du ein eigendom med avkøyrsel til veg eller gang- og sykkelveg? Då har du ansvar for å sørge for fri sikt ved din avkøyrsel (jf. Vegloven §31 og §43), minner kommunen om.