Ørstakoret 80 år

Ørstakoret.  Foto: Joachim Åsebø

New Articles

Ørstakoret fyller i år 80 år og skal i samband med dette setje opp “Messias” av G. F. Händel, 30. november i Gursken kyrkje og 1. desember i Ørsta kyrkje. Fire profesjonelle solistar og eit orkester på tretten medlemar skal vere med.

– Vi har allereie øvd lenge og står no framfor ein haust med mykje øving og ein god del nervar, skriv korleiar Anne Elisabet Ose Velle i ein søknad om økonomisk støtte frå kommunen.