Jon Georg opna kortreist-butikk

– Oi! Her var det mykje folk, utbraut tidlegare kjøtskjerar og no statsråd Jon Georg Dale då han opna kortreist mat-butikken Bazeat på Mylna i Volda.

Eit par hundre møtte fram på opninga.  Foto: Svein Nordal

New Articles

I eitt-tida i dag var det nemleg full brakke i dei tidlegare lagerlokala til Volda Elektriske Mylne. Eit par hundre hadde møtt fram. Forretningsideen er at små og litt større matprodusentar leverer matvarer der, og gjennom nettplattformen Bazeat kan lokalbefolkninga bestille mjøl, grønsaker, kjøtprodukt og mykje meir.