- Høg fart irriterer båtfolket i Møre og Romsdal

Arne Voll  Foto: Gjensidige

New Articles

- 38 prosent av båteigarane opplever at andre båtførarar er til sjenanse og bryt fartsgrensa til sjøs, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige i ei pressemelding.

- I ei ny undersøking som er gjennomført av Ipsos for Gjensidige svarar 14 prosent av dei som eig båt i Møre og Romsdal at de opplever dette ofte. 24 prosent opplever dette av og til.

- Ikkje alle finn den ”roa” dei skulle ønske. Høg fart, støy og køyrer for nære er fleire moment som irriterer store delar av båtfolket, seier Arne Voll.

- Gjensidige er difor oppteken av at dei som ferdast på sjøen tek tryggleik på alvor og held seg til kvarandre på ein god måte. Det betyr at dei som køyrer raske båtar tek ekstra omsyn til dei mjukare trafikantene på sjøen.

- Vi ønskjer at flest mogleg skal skaffe seg kompetanse før dei set seg i ein båt. Vi ser heilt klare tendensar til at motorstorleik og fart har auka betydeleg dei siste fem til ti åra, seier Voll.

- Etter at det vart lov å bruke vannscooter har dette også vorte eit problem for mange. Saman med mindre hurtiggåande båtar held dei ofte på nær land, og ein del båtførarar er ikkje klar over at dei kan vere til plage for andre.

- Seink farta og ta omsyn. Då vert det sikrare og ikkje minst, mykje hyggelegare for alle som oppheld seg på sjøen, seier Voll.