Høgskulen i Volda trekkjer millionsøknad på grunn av konflikt

Høgskulen i Volda (HVO) kan gå glipp av inn til åtti millionar kroner etter at dei har trekt sin søknad om å bli eit «Senter for fremragende utdanning».

Høgskulen i Volda  Foto: Kjell Arne Steinsvik

New Articles

Overfor Dagens Næringsliv stadfestar direktoratet som forvaltar det statlege eliteprosjektet at HVO då dei trekte søknaden viste til den pågåande konflikten og avsløringane rundt det dårlege arbeidsmiljøet på Avdeling for mediefag.

dn.no

– Ein viser til situasjonen ved Høgskulen i Volda. At det har oppstått ein alvorleg situasjon som gjer at dei trekkjer søknaden, seier seniorrådgjevar Anja O. Moberg i Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku).

Dermed kan HVO gå glipp av mellom førti og åtti millionar kroner.

Utdanningsinstitusjonar som vert «senter for fremragende utdanning» får nemleg mellom fire og åtte millionar kroner årleg, fordelt over fem år, og kan utvidast til ti år.

– Det er naturlegvis synd for alle partar. Av 21 søkjarar var vi blant dei åtte i finalen. Etter eit møte med gruppa som hadde sendt søknaden frå Avdeling for mediefag, vart vi samde om å trekkje søknaden. Det ville ha vorte mykje arbeid for å verte «Senter for fremragende utdanning», og no er vi nøydde til å prioritere betring av arbeidsmiljøet, seier rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen til Møre-Nytt.

Før helga sa Roppen at han ville ha på plass ny dekan på medieutdanninga i starten av denne veka, og at Gregoriusdotter Rotevatn ville verte omplassert, frivillig eller med tvang. Forhandlingane mellom partane går framleis føre seg. Roppen seier at han må ha på plass ei løysing denne veka, før studiestart.

Les også: Var ein av åtte finalistar