Nordfjordbrua Anda-Lote:

Framlegg til bruløysingar Anda-Lote klare i haust

Alfred Bjørlo  Foto: Roy Aron Myklebust

New Articles

Nordfjordbrua AS har gjort avtale med to fagmiljø som skal utarbeide tilrådde forslag til bruløysing til fjordkryssing Anda-Lote. Arbeidet skal starte i august og skal vere ferdig i løpet av desember 2019.

Dette går fram av ei pressemelding.

Dei to fagmiljøa som no skal utarbeide framlegg til bruløysing er:

· Dr Tech Olav Olsen i samarbeid med Norconsult AS og Prodtex AS

· LMG Marin i samarbeid med Multiconsult AS

- Begge fagmiljøa har brei erfaring og kunnskap om prosjektering og val av konsept for fjordkryssingar. Dei har mellom anna samarbeidd med Statens Vegvesen om å finne best mogeleg løysing for kryssing av Bjørnafjorden i Hordaland. Begge fagmiljøa ser føre seg å nytte regionale industrimiljø som partnarar i gjennomføring av Nordfjordbrua, heiter det i meldinga.

Konkurransen om å utarbeide forslag til bruløysing Anda-Lote har vore lyst ut på den offentlege anskaffingsportalen Doffin. Totalt kom det inn heile sju tilbod, og 27 ulike selskap stod bak dei sju grupperingane som ga tilbud.

Milepæl

- Dette er ein ny milepæl fram mot realisering av bru mellom Anda og Lote, seier dagleg leiar i Nordfjordkryssing AS, Jan Olav Tryggestad og styreleiar Alfred Bjørlo.

- Det er for tida ei rivande teknologisk utvikling innanfor bru-bransjen, mellom anna drive fram av Statens vegvesen sine utviklingsprosjekt knytt til ferjefri E39. Nordfjordbrua Anda-Lote er eit kort og teknologisk relativt enkelt bruprosjekt som passar godt for mange av dei nye løysingane og metodane som no blir utarbeidde i marknaden. Vi er difor glade for den store interessa for tilbodskonkurransen, og svært spente på løysingane vi no vil få på bordet, seier Tryggestad og Bjørlo.

- Målet vårt no er å få fram eit best mogleg samla grunnlag for å få godkjenning av bruløysing, finansiering og organisering av prosjektet. Det blir også ei viktig oppgåve å få forankring og støtte for fjordkryssinga i nye Vestland fylkeskommune, som eit ferjeavløysingsprosjekt som er med å binde nye Vestland fylke saman, seier styreleiar Alfred Bjørlo og nestleiar i styret, Svein Ottar Sandal.

Nordfjordbrua AS har tidlegare fått utarbeidd ei trafikk- og finansieringsanalyse for fjordkryssing Anda-Lote som syner at Nordfjordbrua er eit ferjeavløysingsprosjekt med stort trafikkgrunnlag og sterke positive effektar for nærings- og samfunnsutvikling.

Målet er at bru Lote-Anda skal finansierast gjennom brukarbetaling og ferjeavløysingsmidlar - altså pengar som allereie i dag blir betalt av bilistar og stat for å krysse fjorden med ferje. Dermed kan Nordfjordbrua byggast utan å kome i konflikt med offentlege veginvesteringsmidlar til vegopprusting av E39 til gul stripe-standard, rassikring etc.

Selskapet har også fått klarsignal frå Samferdsledepartementet for å arbeide vidare med planane for realisering av bru Anda-Lote som eit ferjeavløysingsprosjekt. Når konseptforslaga er klare, vil selskapet gå vidare i kontakten med nasjonale styresmakter om organisering og realisering av bruprosjektet, går det fram av pressemeldinga.