To innbrot i Volda

Politiet sikra spor laurdag kveld.
New Articles

Det vart laurdag ettermiddag oppdaga at nokon har gjort innbrot i to bygningar i Volda. Det skal vere snakk om ein organisasjon, og eit privateigd næringsbygg. Dei to bygga ligg ikkje så langt ifrå kvarandre. Ein politipatrulje var laurdag kveld på plassen for å sikre spor. I 21-tida opplyste politiet at dei arbeidde med å kartlegge kva som har vorte stole.