Skal markere 22. juli

Måndag vert det markering av åtteårsdagen for 22. juli-terroråtaket

Måndag vert det markering av 22. juli i Ørsta. Biletet er frå fjorårets markering i Laguneparken.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

New Articles

Kvart år etter terroråtaket i regjeringskvartalet og på Utøya, har dagen vorte markert i Laguneparken i Ørsta. Slik vert det også i år. På måndag klokka 11.30, vil fungerande ordførar Karen Høydal legge ned blomar ved minneskulpturen som står i parken.

Alle som vil, er velkomne til å vere med på dette. Det er ein dag som vi hugsar, og som vi ikkje vil ha att. Vi har denne markeringa for å symbolisere at vi gjer alt vi kan for å unngå at det skal skje ein gong til, seier Høydal.

Skulpturen i Ørsta er sett opp til minne om Guro Vartdal Håvoll, som miste livet på Utøya den 22. juli 2011.

Kommunen brukar også å markere dagen med nokre ord på heimesida deira.