Uroleg natt i Ørsta

Politiet melder om fleire hendingar i Ørsta dei vart kalla ut på.
New Articles

Det heile starta like etter kl. 23.00 laurdag kveld. Då vart det meldt om festbråk, til sjenanse for naboar. Den ansvarlege vart beden om å avslutte festen.

Kl. 00.23 måtte politiet ta affære då det vart meldt om amper stemning mellom nokre ungdommar. Dei gjekk kvar til sitt, og politiet ser på hendinga som avslutta. Ingen vert melde.

K. 02.30 vart det meldt om ordensforstyrring i sentrum. Ein mann i tjueåra vert meldt for forholdet.

Kl. 05.08 vart det meldt om ei tildraging i sentrum. Det var to involverte, og begge er i tjueåra. Det er mogleg saka vert meldt.