Myrsetra i Urkedalen

No har flymotoren fått ny infotavle på norsk, engelsk og tysk

  Foto: Per Urke

  Foto: Per Urke

New Articles

Tekst og foto: Per Urke

«Mørenytt» presenterte for kort tid sidan kulturminnet på Myrsetra i Urkedalen der ein flymotor ligg tett inntil  stien. Alle som passerer dette punktet, vil ha ei forklaring på i kva som er forklaringa på at ein gammal, stor  motor er plassert her.

Orienteringstavla med plastlaminerte oppslag over motoren var sterkt prega av ver og nedbør og knapt leseleg.  Siste helg vart det montert ny utgåve av oppslaget over motoren, denne gongen med tekst på aluminiumsplate  som skal halde seg like fin i 100 år. Teksta er på norsk, engelsk og tysk.

Det er Urke Grendalag som har sytt for merkinga av motoren, medan det var smed Sverre H. Urke som for fleire  år sidan tok på seg jobben med  å få motoren opp frå  terrenget og montert på solid stativ. Eit detaljfoto av den norske tekstsida kan kanskje vise avislesarane detaljane som kjem fram av opplysningstavla.