Her er verdsstjerna på Slettedalshjørnet

Kan det vere Scarlett Johansson....  Foto: Rune Sæbønes

New Articles

Spekulasjonane har gått. Kan det vere Scarlett Johansson, stjerna i Marvel-filmane, som er på Sæbø.

Det er det. I middagstida var ho på Slettedalshjørnet, på veg inn i Joker-butikken for å filme.

Då hadde ho før på dag vore om bord i ferja Goma, og filma der. Då filmfolka gjekk på land, vart Johansson godt løynd av paraplyar, før ho gjekk inn i Mercedesen som frakta henne til hotellet.

Scarlett Johansson på veg inn på Joker Sæbø.  Foto: Joachim Kroken Åsebø

Etter ein rast på hotellet, kom ho tilbake til Sæbø sentrum for å starte opptaka inne i Joker-butikken.


Filminnspeling på Sæbø

Denne butikken vert filmstudio

 

Det var eit stort oppbod med filmfolk, statistar, vakter, pressefolk og publikum elles som ville sjå på innspelinga, som etter alt å døme er Black Widow i Marvel-serien.