Pipebrann på Union

Gjestene evakuert etter pipebrann på Union Hotell på Øye.

  Foto: Møre-Nytt

New Articles

I femten-tida tysdag braut det ut pipebrann på Hotell Union, Øye. Alle gjestene vart eavkuert.

- Heldigvis er det no under kontroll. Sjølv køyrde vi på med pulverapparat, og dei fyrste brannsmannskapa på Øye kom for å sikre, fortel dagleg leiar Mariann Øye Mork.

Det var fullt hotell på Øye tysdag, og alle gjestene kom seg raskt og trygt ut. Medan dei venta på å kome inn att, fekk dei servert kaffi i nabohuset.

Augevitne på Øye stadfestar overfor Møre-Nytt at det såg dramatisk ut.

- Det rauk veldig frå pipa i eitt minutts tid, men så roa det seg, fortel vitne til Møre-Nytt.