Dale fungerer som justisminister

Samferdselsminister Jon Georg Dale vil inntil vidare fungere som justis- og beredskapsminister.

Jon Georg Dale skal fungere som justis- og beredskapsminister inntil vidare.  Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

New Articles

Statsminister Erna Solberg opplyste dette under ein pressekonferanse torsdag ettermiddag.

Dale vil fungere som justis- og beredskapsminister i samband med at Justisminister Tor Mikkel Wara har søkt om permisjon. Solberg opplyste at Wara vert innvilga permisjon i statsråd fredag.

Wara søkjer permisjon fordi sambuaren han er sikta for å ha dikta opp eit brotsverk. Det var natt til søndag at ho melde til politiet at ein brann var påsett på ein bil ved deira hus. Politiets sikkerheitsteneste (PST) meiner sambuaren har sett i scene denne hendinga sjølv.