Den omkomne er henta ut

Mannen som laurdag vart teken av eit snøskred ved Brunstadhornet i Sykkylven, er henta ut.

Den omkomne vart måndag henta ut med helikopter.  Foto: Knut Hustad

New Articles

Den omkomne etter snøraset på ettermiddagen, i grenseområdet mellom Sykkylven og Hjørundfjorden, laurdag 9. mars vart i dag funnen klokka 16:03, og vart henta ut av området rundt klokka 17:30, heiter det i ei pressemelding frå Møre og Romsdal Politidistrikt.

Måndag 11. mars har politiet saman med fem personar frå Volda og Ørsta Røde Kors Skredgruppe med hjelp av redningshelikopteret frå Florø vore inne for å hente ut den omkomne.

Skredgruppa var i gang med sitt arbeid på staden litt før klokka 14:30. Dei fekk inn signal frå skredsøkaren til den omkomne. Funnstaden var også markert med sekk og søkestang.

Han vart graven fram frå snøen klokka 16:03 og henta ut av området rundt klokka 17:30 med helikopter. Dei pårørande er varsla. Det var laurdag i 16.18 det kom det inn melding om at det var gått eit snøskred i området ved Brunstadhornet i retning mot Langsætra i grenseområdet mellom Sykkylven og Hjørundfjorden.

Ein mann i 50-åra var teken av skredet. Han var ifølge med ei kvinne og det var ho som varsla om snøskredet. Dei to hadde vore på Brunstadhornet og var på veg sørover forbi Gullmorbreen mot Langsæterdalen. Raset har gått rett før passering av Gullmorbreen, retning sørover.

På grunn av vanskelege vértilhøve var det vurdert at uthenting av den omkomne skulle skje måndag 11. mars. Det er denne som no er gjennomført i ettermiddag.