Gjekk på tur i fjellet

Mann i 50-åra frå Ørsta omkom i snøskred i Sykkylven

Frå redningsaksjonen i Sykkylven laurdag. Brunstadhornet i bakgrunnen.  Foto: Nils-Harald Ånstad, Sunnmørsposten

New Articles

Ein mann i 50-åra miste livet då han vart teken av eit snøskred ved Brunstadhornet i Sykkylven laurdag ettermiddag. Ifølgje VG er mannen frå Ørsta.

– Ein mann omkom i skredet. Mannen som omkom er i 50-åra, og frå Ørsta, opplyser operasjonsleder John Brattland til VG.

Brattland opplyser til VG at det var eit par som var på tur saman.

– Etter at ho hadde varsla om skredet, klarte kvinna å lokalisere mannen i snømassane, men då var han omkomen, seier Brattland.

Operasjonsleiaren opplyser at på grunn av arbeidsforholda på staden, vil uthentinga av den omkomne først skje i morgen tidleg, søndag.

Politiet fikk melding om skredet klokka 16.18.

– Melding gjekk ut på at ein person var teken av eit snøskred, og personen som varsla kunne ikkje sjå personen som var teken. Luftambulanse kjem seg ikkje inn i området som følgje av veldig dårlege verforhold, men redningshundar er på veg til staden, opplyste politiets operasjonsleiar John Brattland til VG.

Politiet melde først at luftambulanse var på veg, men som følgje av dårleg flyver kom ikkje den seg fram til staden. I tillegg var redningshundar og skredgruppa på veg til skredområdet.

Han opplyste at det var to i turfølget, og at politiet jobba med alternative måtar å kome seg inn i skredområdet på, og viste til at alternativ er snøscooter eller ski.

Da VG var i kontakt med politiet klokken 18.55, opplyste operasjonsleiar Brattland at Røde Kors si skredgruppe var på veg til staden.

– Vi har hatt store utfordringer med å lokalisere stedet og ta oss frem dit, sa han til VG.

I 19-tida vart ei kvinne flogen ut frå området og sendt til sjukehus med redningshelikopter. Politiet opplyste at ho var i følge med personen som dei søkte etter laurdag.