Til legevakta etter trafikkulykke

Samanstøyten skjeddde i krysset Kyrkjegata/Garvargata. Bilen på bildet har ingen ting med ulykka å gjere.  Foto: Roy-Arne Folkestad

New Articles

Ei kvinne vart sendt til legevakta for ein sjekk etter ei trafikkulykke i Kyrkjegata i Ørsta fredag ettermiddag.

Ulykka skjedde i krysset Kyrkjegata/Garvargata. Ein bilførar, som kom køyrande mot Ørsta sentrum, måtte i dette krysset stoppe for ein bil som skulle oppover Garvargata. Medan bilen stod og venta kom ein annan bil og køyrde inn i bilen bakfrå.

Det var tydelege bulkar på begge bilane. Den kvinnelege sjåføren som vart påkøyrd klaga over smerter i nakken og ho vart teken med til ein legesjekk.

Politiet melde frå om samanstøyten litt etter klokka 17.