Pengar til MS Hindholmen

Den verna fiskebåten MS Hindholmen får 110.000 kroner i tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

"Hindholmen" ved kai i Ulsteinvik  Foto: Vikebladet - Vestposten

New Articles

vikebladet.no

Båten er heimehøyrande på Vartdal i Ørsta kommune, men har fast kaiplass i Ulsteinvik.

Karl Johan Barstad, som er styremedlem i Stiftinga MS Hindholmen, seier dei har ein plan for pengane.

- Dei er øyremerkte overhaling av Wichmann 3AC hovudmaskina frå 1954.

Det er fjerde gong fylkeskommunen har denne støtteordninga i samarbeid med Riksantikvaren.

- Vi er glade for at vi kan dele ut tilskot til seks fartøy. Dei har alle ein viktig kulturhistorisk verdi for fylket vårt. Fartøya som får støtte, er allereie verna, og har eit godt støtteapparat ikring seg. Samstundes er det viktig at tiltaka for å sette i stand fartøya er realistiske og kan gjennomførast, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur- og folkehelseutvalet, ifølgje ei pressemelding frå fylket.

Denne saka er først publisert i Vikebladet Vestposten. vikebladet.no