Sundal har tidlegare varsla at han melder seg ut av Senterpartiet. Han var misnøgd med å stå på femteplass på lista til kommunevalet, og over det som skjedde då han ikkje vart varaordførar.
- Lysta og engasjementet for å stå på for Volda Sp er med dette borte, så eg tek min hatt og går
Odd Harald Sundal: - Vraka frå Sp-lista i Volda
Under formannskapsmøtet i Volda tysdag opplyste Sundal at han har meldt seg inn i Arbeidarpartiet. Men fram til neste kommunestyreperiode vil han vere uavhengig representant i kommunestyret og formannskapet.
I neste periode satsar han på å engasjere seg for Arbeidarpartiet.
- Eg fann ut at eg ikkje var ferdig med kommunepolitikken, og har avklart med mine nærmaste at eg kan halde fram. Partia har stått i kø for å få meg til å melde meg inn,men for meg var Arbeidarpartiet einaste alternativet, seier Sundal.