Fullstendig Ålesund-dominans

– Faggruppa manglar legitimitet

Faggruppa som har utgreidd tilbodet innan rehabilitering er dominert av legar og sjukepleiarar knytt til sjukehuset i Ålesund. - Gruppa manglar legitimitet, meiner Sp-politikar Per Ivar Lied.

Per Ivar Lied er på sjetteplass på lista til Senterpartiet til fylkestingsvalet.  Foto: Marius Myklebust

New Articles

Ei arbeidsgruppe for fagleg tilråding innan rehabiliteringsfeltet i Møre og Romsdal la fram ein rapport måndag, som mellom anna handlar om korleis Mork rehabiliteringssenter kan erstattast av andre tilbod.

Gruppa er leia av Steinar Gjærde som er avdelingssjef ved avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering ved Ålesund sjukehus (Fys-med). Det er denne avdelinga som i dag har det faglege ansvaret for Mork rehabiliteringssenter. Alle dei andre i faggruppa er knytte til til Fys-med.