Uroleg natt i Volda

Slossting og piratkøyring i Volda natt til laurdag
New Articles

Politiet la litt etter midnatt ut ei melding om  at to personar slost i Volda sentrum.

"Har vore knuffing mellom to personar, der eine personen skal ha tatt kvelartak på den andre. Den aggressive part vart bortvist frå staden", skriv politiet på Twitter.

Og litt seinare: "Menn involvert, den eine fått slag over nasa og eit kutt i eine arma. Ikkje alvorlig skadd. Fornærma frakta til legevakta for ein sjekk."

Og klokka 0523: "Melding om vold på offentlig stad, patrulja har vore på staden og i kontakt med alle involverte, patruljen opprettar sak."

I tillegg er ein mann i slutten av tenåra meldt til politiet for piratkøyring i Volda