Nattbussen køyrde av vegen

Ein buss på veg til Søre Sunnmøre køyrde av vegen i Skjåk i natt. Tre personar er sende til sjukehus.

Bussulykke Skjåk  Foto: Politiet

New Articles

Klokka 04.18 natt til tysdag var det ein buss som køyrde av riksveg 15 i Skjåk ved Skjåk kyrkje, skriv avisa Fjuken.

Det var 26 passasjerar i bussen, pluss sjåfør.

Bussen bles av vegen, sklei 30 meter ut på eit jorde før den velta.

Politiet melder at det er svært glatt på staden.

- Dei fleste passasjerane er uskadd. Ein person vart køyrt i ambulanse med kuttskader i hovudet. Ei dame vart køyrt traumemottaket på Lillehammer sjukehus med smerter i bryst og nakke,skriv avisa Fjuken.

Resterande personell er køyrt til kommunehuset i Skjåk, der dei blir undersøkt av helsepersonell, opplyser politiet.

Sjøføren har forklart at det kom ei vindkule som førde til at han miste kontrollen på bussen,melder NRK.

VG skriv at bussen var på veg til Volda og Ulsteinvik.

Det vart fyrst meldt at to personar vart frakta til sjukehus. Like etter klokka 07.00 kom meldinga frå Politiet Innlandet om at også ein tredje er frakta til sjukehus.

Sunnmørsposten melder at blant dei skadde er ei kvinne frå Moltustranda og ein mann frå Volda.