Lothe ny banksjef i Volda

Arne Lothe er tilsett som avdelingsbanksjef i Volda.
New Articles

- SpareBank 1 Søre Sunnmøre har god marknadsposisjon, og har mange flinke medarbeidarar. Saman med dei ynskjer eg å skape gode kundeopplevingar og etterleve visjonen til banken, seier Arne Lothe.

Han jobba i Nordea fram til desember 2017, og går no altså over til ein av konkurrentane.

SpareBank 1 Søre Sunnmøre har hovudkontor i Volda, med røter heilt tilbake til 1854. Tilsettinga av Lothe er eit ledd i å styrke banken sin posisjon i marknaden på Søre Sunnmøre, fortel Sparebank 1 Søre Sunnmøre i ei pressemelding.


- Arne har solid bankkompetanse, samt lang og brei leiarerfaring. Saman med våre dyktige medarbeidarar, trur vi han vil bidra til at vi får styrke marknadsposisjonen ytterlegare, seier Andre Skotheim, leiar for personmarknaden i SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Lothe er aktiv i fleire av idrettsgruppene i både Volda og Ørsta, og har ifølgje pressemeldinga sett viktigheita av banken sitt samfunnsengasjement.
- Dugnad, lag og organisasjonane er hjarte i lokalsamfunnet og støtta SpareBank 1 Søre Sunnmøre gir tilbake er veldig viktig. Eg opplever at banken framstår som ei drivkraft for å gjere det betre å bu og virke på Søre Sunnmøre. Det er viktigare enn kanskje mange tenker over, seier Lothe.

Han startar i stillinga 1. januar.