Fine forhold på Bondalseidet

Langrennsfolket kan byrje, men alpinistane må vente

Ann Mari Bjørkedal Moe etter årets første skitur torsdag.  Foto: Svein Aam

Rune Moltudal førebur komande sesong på Ørsta Skisenter  Foto: Svein Aam

New Articles

- Heil fenomenalt, seier Ann Mari Bjørkedal Moe, etter årets første skitur i langrennsløypene på Bondalseidet torsdag. Det er bra med snø i løypene, og skisenteret har arbeidd med å preparere.

Men det er ikkje nok snø for bakken.

– Vi må produsere kunstsnø, og slik vermeldinga er kan vi byrje seinare i veka, seier drifstleiar Rune Moltudal.

Førebuingane med å gjere trekk og heis klar er godt i gong.

–Eg har god tru på at det kan bli opning til jula, seier Moltudal.