Jubileumsgåve frå Sparebanken Møre til Ørsta idrettspark

Juryen har tala: Nye Ørsta idrettspark vart mottakaren av jubileumsgåva på 175.000 kroner frå Sparebanken Møre.

Det er stor glede over at det skal satsast på ein idretts-og aktivitetspark mellom den nye Ørstahallen og Ørsta ungdomsskule. Pengestøtta på 175.000 kroner er eit bidrag til realiseringa. Frå venstre Andreas Langlo (Sparebanken Møre), avdelingsleiar Gunnar Wangen frå kommunen, assisterande rådmann Eldar Øye, ordførar Stein Aam, folkehelsekoordinator Ingvild Endal, rektor Mari-Anne Aarskog frå Ørsta ungdomsskule og Hege Strand og Sigrun Åmbakk (Sparebanken Møre). Framme f.v. banksjef Line Wiik Bjerknes frå Sparebanken Møre og pådrivar for den nye parken, Einar Myrold. Sistnemnde mottok 175.000 kroner på vegner av nye Ørsta Idrettspark.  Foto: Roy-Arne Folkestad

New Articles

Sparebanken Møre fyller 175 år og gjekk tidlegare i haust ut med følgjande melding: For å markere jubileet vil banken gi ei gåve på 175.000 kroner til eit godt formål i kvar av dei 24 kommunane der banken har kontor, deriblant Ørsta. Innbyggjarane vart oppmoda om å kome med forslag til prosjekt som kan bidra til å gjere Ørsta til ein endå betre kommune å bu og leve i.